Les mer på Finn-Erixs hovedside

Finn-Erix m/ gjester avsluttar Falturiltu på Stord 9.11.2012

Publisert 10. okt 2012

Finn–Erix er blant landets mest spesielle populærorkester, mye på grunn av besetninga – stueorgel m/rytmeboks, fagott og vokal. Trioen har spesialisert seg på humoristiske tolkinger av pop og rockklassikarar, og repertoaret spenner frå Deep Purple via Leonard Cohen til Bjørn Eidsvåg. I tillegg framfører dei eigne låtar som Fretex Fantasi og Hjørdis med H. Sistnemnde fekk terningkast 5 i Dagbladet og låg fleire veker på Norsktoppen.

Fredag 9. november avsluttar dei Falturiltu med blant andre festivalforfattar Ragnar Hovland som orgelvikar.

Orkesteret starta som husband til NRK-serien Radio Røynda. Som namnet tilseier var dette opprinneleg eit radioprogram på Norgesglasset i NRK P1, men etterkvart har det og blitt 7 fjernsynsprogram. På merittlista står mellom anna Festspelvariete på  Madam Felle i Bergen, våren 2005, avbestillingsverket Flesk på Vossa Jazz  2006 og publikumssuksessen Vestlandsrevyen 2007 og 2008 og oppfølgjaren Vestlandsrevyen II hausten 2011.

Finn Tokvam, song og rytmeegg

Odd-Erik Lothe, stoveorgel m/rytmeboks

Halvor Folgerø, fagott

Orgelvikar: Ragnar Hovland

Bestill Norge beste danseband her : booking / kontakt : post@frikkmusikk.no Tlf 92 68 72 12

Share Button