Finn-Erix

SUPERPOPULÆRORKESTERET
Finn-Erix med Finn Tokvam i spissen, lovar deg ei hyrdestund med populærmusikk, eksotisk dans og gode historier ! Kva med “Smoke on the water” framført av den uslåelege kombinasjonen sjølvsikker sognesongar, stoveorgel og fagott? Eller ett og slett ei rekkje høgstemte og verdsatte songskattar framført slik dei skal framførast, i følge Finn Tokvam og Finn-Erix. Finn-Erix har får vane å lokke fram både gapskratt, lune historier og vemod. Finn-Erix vart til i ein sein nattetime medan kompisane Finn Tokvam og Odd-Erik Lothe lurte på kor mykje moro ein kan få ut av eit gammaldags stoveorgel. Kva med å spele meisterverk frå poplærmusikkens historie på dette allsidige, men litt komiske instrumentet? Seinare vart Halvor Folgerød også fast medlem med sin eksotiske fagott og lette fotarbeid. Til saman smelta Tokvam sin lyriske tenor, Lothe sitt lett nervøse orgel og Folgerøs frekke fagott opp i ei høgare eining; populærorkesteret Finn-Erix vart fødd. Då Finn-Tokvam byrja å lage Radio Røynda som ein advendtserie for Norgesglasset på P1, vart Finn-Erix eit heilt naturlig tonefølgje. Sidan har Finn-Erix og Radio Røynda gått hand i hand, og vore ein del av det same uttrykket. Forutan å vere ein stadig tilbakevendande serie på radio, har også Radio Røynda blitt til tv-serie i to omgangar. Av Finn-Erix sine øvrige meritter, må radiohiten Hjørdis med H nemnast. Denne blei av NRK Hordaland sine lyttarar kåra til sitt års sommarslager og gjorde seg bemerka på dansebandlister og ikkje minst på Norsktoppen. Seinare kom vestlandsrevyen 1 og 2 der Finn-Erix var ein grunnstein i forestillinga, samt mange eventjobbar med skreddarsydde opplegg. På merittlista står mellom anna ”Festspelvariete” på Madam Felle i Bergen, våren 2005, avbestillingsverket ”Flesk” på Vossa Jazz 2006 og publikumssuksessen ”Vestlandsrevyen” på Logen Teater hausten 2007 og hausten 2011.   Finn Erix består av: Finn Tokvam, song og rytmeegg  Odd-Erik Lothe, stoveorgel m/rytmeboks  Halvor Folgerø, fagott Høyr Finn-Erix’ 2002-schlager «Hjørdis med H» på Rockipedia Frikk Musikk AS har drive med artistformidling i  20 år! Bestill Finn Tokvam, Olav Stedje eller heile Finn-Erix m/Odd-Erik Lothe  til ditt arrangementet ditt: finn-erix@frikk.no Tlf 92 68 72 12

Share Button