Les mer på Finn Tokvams hovedside

Les mer på Finn-Erixs hovedside

Finn-Erix, Linda Eide og Finn Tokvam på Falturiltu

Publisert 25. nov 2014

Falturiltufestivalen i Leirvik på Stord vart ei minnerik og morosam oppleving for dei heldige som var til stades i år. Fredag kvelden var det fleire hovudattraksjonar på scena: både Linda Eide og Finn-Erix gjorde sprell som fekk lattermusklane i sving hos publikum. Alle dei tre faste medlemene i Finn-Erix synte seg frå si beste side: Finn Tokvam imponerte spesielt med særeigen dans, Halvor Folgerø – som er utflytta Stordabu – spelte vakkert på fagott, og Odd-Eirik Lothe hadde trommeduell på rytmeboks mot Tarald Tvedten, som denne gongen var med på trommer.Linda Eide fortalde om «Mottro» sitt liv før Linda si tid. At noko slikt i det heile teke har eksistert, kom ganske overraskande på Linda i vaksen alder.

Finn-Erix la tradisjonen tru ned krans for ein levande person. Denne gongen var det Atle Hansen som var den verdige kransestøtta, mellom anna fordi han snart skulle fylle 60 år. Hansen er journalist i avisa Sunnhordland, har studert i Bergen, og har skrive både barnebøker og vaksenbøker.

Haugesund Avis gler seg alt til neste års festival! Les meir i Haugesund Avis

Kontakt Finn-Erix for eit oppdrag på epost finn-erix@frikk.no

Kontakt Finn Tokvam for eit oppdrag på epost finn@frikk.no, eller telefon 92 68 72 12.

Share Button
Nøkkelord: Finn Tokvam, Finn-Erix