Les mer på Finn-Erixs hovedside

Finn-Erix med eige øl som gjer innpass hjå det motsette kjønn

Publisert 19. jan 2015

Superpopulærorkesteret Finn-Erix går inn i rekka av rock- og pop-band med eige øl. På ein basarkonsert på Logen Bar i Bergen før jul, lanserte Finn-Erix «Kinn-Erix», eit lyst pale ale frå Kinn Bryggeri i Florø.

”Dette er ikkje noko slikt kortreist drit,” melder Finn-Erix, og tenkjer då truleg på at avstanden mellom Florø og Bergen er 135 km i rett line. Det er altså ikkje fullt så langreist som det originale pale ale, som reiste frå England til India. Men kortreist er det i alle høve ikkje.

Kinn-Erix er ”ein lettdrikkelig pale ale som garantert gjev deg gunst hjå det motsette kjønn”. Det kan altså bli rift om dette ølet. Om du ikkje skulle få tak i nett dette ølet, så smakar visstnok «Dampen» frå same bryggeri heilt likt. Det blir ikkje sagt om dette ølet har same magiske evner som Kinn-Erix.

Les meir om Kinn-Erix på Godt i Glasset

Kor som er, så smaker dei fleste ølsortar godt dersom du samstundes høyrer på superpopulær-orkesteret Finn-Erix. Du kan bestilla dei til ditt eige arrangement ved å sende dei ein epost på finn-erix@frikk.no eller ringje 92 68 72 12.

Share Button
Nøkkelord: Finn-Erix