Crooneren Tor Endresen er tilbake med storband! Tor Endresen er den fødde entertainer, og har vore ein av Noregs mest folkekjære artistar i snart tretti år. Denne hausten har det norske folk kunne oppleve han som ein av deltakarane i laurdagsunderhaldninga “Stjernekamp”, der han igjen befesta posisjonen sin som ein av landets beste stemmer.
Storband er ein sjanger som Tor har hatt gleda av å syngje ved mange anledningar. No er han klar for å gje ut eit heilt nytt album med swingande storbandrytmer, som leiar tankane til Frank Sinatra eller dagens store stjerne Michael Bublé. Det nye albumet består kun av nye låtar som spenner frå hardt, tøft og swingande storband, til vakre og rolige jazzballadar med strykarar. Her får vi møte ein fornya og samstundes moden artist, som vil opplevast som både forvaltar og vidareutviklar av croonersjangeren. Tor er ein naturleg crooner som med autoritet kan leike seg i kjappe swinglåtar, samstundes som han klarer å gje djupne og intimitet til balladane. I tillegg kan ein nærast “høyre” glimtet i auget og sjå kor mykje han kosar seg med musikken. Under “Jumping for joy”- konserten får vi høyre låtar frå den nye plata, men det blir også kjende og kjære gjenhøyr med klassiske croonerlåtar. Tor har med seg Forsvarets Musikkorps Vestlandet som storband. Så her er det berre å ta på seg finstasen og drøyme seg til Las Vegas og dei store croonerkonsertane
Bestill Tor Endresen til ditt arrangement her : post@frikkmusikk.no tlf 92 68 72 12