Odd-Erik Lothe står øvst på lista over kandidatar til Lutt-prisen for årets artist i 2023. Odd-Erik er verdskjend organist på heile Vestlandet, som virtuos på husorgel i superpopulærorkesteret Finn-Erix, og med gitar som visesongar og rockeartist. Vinnaren blir kåra på Nordfjordeid 3. februar. Der skal Odd-Erik ha med seg Stardalen Mannskor på scena, og han skal framføre heilt ny musikk saman med Olav Stedje og Finn Tokvam, ein forsmak på albumet deira som blir publisert i utpå våren.
Få Odd-Erik eller Finn-Erix til ditt arrangement!
Send ein epost til finn@frikk.no
I Finn-Erix har Odd-Erik med seg Finn Tokvam og Halvor Folgerø. Finn-Erix er heilt klårt Norges mest velkledde band, i tidlause raude velour-dressar. Olav Stedje er ofte gjest på scena, slik han sikkert vil på basarkonsert i Sogndal 28. februar.
Odd-Erik Lothe har hatt eit aktivt år i 2022. Nytt album, Jaguar, saman med The Mighty Magnolias – det andre med same band. Det førre albumet kom i 2020. Dette, og kan hende turneen med Stardalen Mannskor, har nok bidrege til at Odd-Erik er komen på lista over årets artist-kandidatar til Lutt-prisen. Der kjem både Finn Tokvam og Olav Stedje også på scena.
Les meir på NRK og Fjordabladet
Vil du ha Odd-Erik Lothe, Finn Tokvam eller heile Finn-Erix på ditt arrangement?
Send ein epost til finn@frikk.no
eller ring 926 87 212