Superpopulærorkesteret Finn-Erix blir ein av dei store attraksjonane på årets Malakoff-festival, frå 18.-20. juli. Den velourkledde herretrioen har sett seg føre å dele ut ei gratis basar-åre til kvar einaste publikumar ved inngangen til festivalen. Dermed meiner dei at dette vil bli den største basaren i heile verda, som ein kjenner til. I tillegg skal dei selje ekstraårar til inntekt for ei god sak. Fantastiske primar og fruktkorg!
Dei superpopulære er Finn Tokvam, Halvor Folgerø og Odd-Erik Lothe.
Sjå video av Finn-Erix’ framføring av Veggen på Nattjazz 2015 i Bergen. Dressgjengen har ikkje fått dårlegare stil eller gjennomføringskraft med åra.
Bestill Finn-Erix til ditt arrangement, på epost finn-erix@frikk.no eller på telefon 92 68 72 12
Les meir på malakoff.no