Det mest populære og velkledde orkesteret vest for Finse kjem til Sogndal! Folk i bygda kan gle seg til basarkonsert med Finn-Erix 28. februar, med åresal, trekning og fruktkorg – og sjølvsagt mykje flott og ganske artig musikk. Denne gongen er det fire elegante herrar i orkesteret, sjølvsagt dei tre faste: Odd-Erik Lothe på stoveorgel, Halvor Folgerø på fagott og Finn Tokvam på rytmeegg. Finn er også ein kløppar på refrengsong. I tillegg er også Sigbjørn Apeland med, på orgel og piano.
Meir info og billettar på Sogndal Kulturhus
Ønskjer du Finn-Erix på ditt arrangement?
Send epost til finn@frikk.no
eller ring 926 87 212