Les mer på Sigrid Moldestads hovedside

Les mer på Finn Tokvams hovedside

Les mer på Olav Stedjes hovedside

Sigrid Moldestad, Olav Stedje, Finn Tokvam tek avskil med Sogn og Fjordane på Norsk Countrytreff

Publisert 6. jun 2019
Breim. Foto: Chell Hill

Publikum må berre ta med seg rikelig med lommetørkle til avskilskonserten med Sogn og Fjordane fylke på Norsk Countrytreff på Breim 11. juli. Kjende artistar frå fylket skal spela triste country-låtar i sorg over fylket som fusjonerer til Vestland 1. januar 2020. Finn Tokvam og Sigrid Moldestad skal leie showet. Olav Stedje, Tone Damli, Vilde & Anna og Eivind Vilnes skal spele.

– Noko vemod, mykje lått, mimring, framtidsvyar og personlege betraktningar – alt med countrymusikken som bakteppet. Og kva sjanger høver vel betre enn countryen for å minnast det som ein gong var? står det i pressemeldinga frå festivalen, som gjev tåregaranti. Lommetørkle er med andre ord naudsynt utstyr.

Les meir i Firda

Bestill Olav Stedje til ditt arrangement på epost olav@frikk.no eller på telefon 92 68 72 12

Share Button
Nøkkelord: Finn Tokvam