Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad er ein svært allsidig artist; ho trakterer fele og hardingfele betre enn dei fleste spelemenn, ho har ei klokkeklår røyst full av varme og kjensler, ho spreier rytme og musikk-glede slik at heavyfansen hopper med musikken, og ho har ein lyrisk nerve som går rett til hjarta!

Musikken til Sigrid Moldestad er til tider vemodig vakker, leiken og energisk, andre gonger mørk og kraftfull !

«Denne jenten må ellers være musikkfestivalenes svar på poteten. Kan brukes til absolutt alt. Enten det gjelder årets Vossajazz, Folkemusikkfestivalen i Førde, Countryfestivalen i hennes hjembygd Breim eller årets rockefestival på Nordfjordeid. Moldestad er der. I neste uke er hun også på plass under Tall Ships Races i Bergen.»
Einar Engelstad i Bergens Tidende (webarkiv) om konserten til Sigrid på Malakoff-festivalen i juli.

Sigrid er ein framifrå tolkar og formidlar av folkemusikktradisjonen, samstundes som ho leikent blandar inn americana, blues og roots. Og midt i alt dette syng ho til tider med teknikk og forsiringar henta frå norsk steving.

Kontakt Sigrid Moldestad for eit oppdrag direkte på sigrid@frikk.no eller telefon 926 87 212

«Brevet til Kjærleiken» heiter det fjerde albumet hennar, som kom ut på vårparten 2014. Her har ho komponert musikk til tekstar frå Jan Magnus Bruheim, lyrikaren frå Skjåk som budde fleire år i Bremanger i Nordfjord. Sigrid fekk med seg eit stjernelag av musikarar og spelte inn heile albumet i skulehuset i Bremanger der Bruheim budde. Plata kom ut til 100-årsdagen for lyrikaren.
Resultatet er ei lysande vakker plate, full av lengt, og med tankar mange kjenner seg att i.

Avisene trillar berre 5- og 6-arar på terningen, og strør om seg med superlativ. Dagbladet skreiv: «et mektig møte mellom norsk folkemusikk og americana». VG var like entusiastisk: «Moldestads musikk er simpelten nydelig».

Sigrid Moldestad er også humorist! Ho var ein del av kabaret-trioen Fjøgl (fjerna) som turnerte landet i 2002 og 2003 med ein kabaret der folk av alle slag mora seg stort, mange av dei utan at dei var heilt klår over at dei lytta til folkemusikk.

Sigrid Moldestad på youtube

«Samuline» av Sigrid Moldestad + (ca 2.30) «Nordfjordhallingen» (trad.) Arrangert Karl-Johan Ankarblom.
Sigrid Moldestad, song og hardingfele og Birger Mistereggen på på munnharpe, med KORK dirigert av Fredrik Brurstedt. Spelt inn November 2013 i Operahuset Nordfjord. Frå NRK-programmet «Draumen om KORK», sendt desember 2013.
«Samuline» er spelt inn på albumet «Taus» (2008).

Sigrid Moldestads diskografi:
Brevet til kjærleiken – tekstar av Jan Magnus Bruheim 2014
Himlen har sove bort mørkret 2012
Sandkorn 2010
Taus 2007
Gamaltnymalt – med Einar Mjølsnes og Håkon Høgemo 2005
Spindel med Liv Merete Kroken 2001
Ser deg tilbake (Singel) 2012
Er med på:
Diverse artistar: Norsk brygg (komponist) og utøvar 2011
Christine Guldbrandsen: Christine (musikar) 2007
Aminje: Aminje (komponist) 2005
Merit Hemmingson: På Nya Vingar 1996

Presentasjon av Sigrid Moldestad på Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Sigrid Moldestad på Rockipedia

Sigrid Moldestad på Wikipedia

Kontakt Sigrid for en avtale på epost sigrid@frikk.no
eller telefon 92 68 72 12

Share Button