Les mer på Sigrid Moldestads hovedside

NRK-konsert frå Åmot Operagard med ‘Det beste frå Sigrid Moldestad’

Publisert 20. jan 2015

NRK gjer opptak av heile konserten når Sigrid Moldestad spelar på Åmot Operagard torsdag 12. februar. Åmot Operagard ligg i Bygstad i Sunnfjord, og konserten blir i den nyrestaurerte låven på garden. Som alltid har Sigrid med seg eit solid knippe musikarar på scena: Sigbjørn Apeland, Roald Kaldestad, Anders Bitustøyl, Anders Røine og Kåre Opheim. Dette blir ein konsert med ‘Det beste frå Sigrid Moldestad’, så det er berre å raske på for å få tak i billett.

Sigrid Moldestad har gjeve ut fire soloalbum:

  • Brevet til kjærleiken (2014)
  • Himlen har sove bort mørkret (2012)
  • Sandkorn (2010)
  • Taus: felefortellingar (2008)

–Sigrid er ein kjend folkemusikar med mange kvalitetar som vi ønskjer å syne fram for heile landet. Ho har fornya folkemusikken som gjer at ho appellerer til eit breit publikum. Og med den vakre ramma som operagarden vil gi konserten, er eg trygg på at dette vil verte ei fantastisk musikalsk oppleving, seier redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske i NRK Sogn og Fjordane til NRK.no.

Kontakt Sigrid Moldestad til å spele på ditt arrangement – åleine eller med band:
epost til sigrid@frikk.no eller telefon 92 68 72 12.

Share Button
Nøkkelord: sigrid moldestad