Multikunstneren Oddvar Torsheim og Birger Meland

Publisert 1. des 2013

 Den populære kunstnaren Oddvar Torsheim har gjett ut cd-innspeling av The Beatles og Bob Dyland på nynorsk. Han har óg fleire opptredener i fjernsyn- mellom annan var han med i serien “Norges hærligste” og “Talent 08”.
Oddvar likar å  kalle seg “sidesprangartist” Eg er litt distré, men det høyrer med når ein har passert 70, seier han. Han får i alle fall  latteren til å runge når han på sin eigen måte “tramper” i veg med munnspel , undervass- trekkspel» “dieselmotor” og gode sko.
Det er det det vert råkken råll av seier han.
Birger Meland har det musikalske ansvaret og dei to har jobba i lag i fleire år.
Meland har sjølv lang fartstid i fleire kjende band. Mellom anna i Fernando og Cheek. Men han har óg jobba saman med andre soloartistar. I år er det dessutan 40 år sidan han starta artistkariéra. Han har óg lang fartstid i NRK radio og som programleiar for Norge Rundt på TV. Dansemusikken er variert og det trøkke godt frå sena.
Dei to har hatt fulle hus i Oslo og Bergen. For ei tid tilbake gjorde dei to stor lukke framfor rundt 1300 på Periferi-festivalen på Sotra.
Under ein turnè  i Hardanger i samband med kunstveka måtte ein arrangør på bygda å låne stolar humrar dei .
Latterdøra har stått på vidt gap seier dei to som har følgande oppfordring:
“Kom å høyr for swingande” ! Livet vert ikkje det same etterpå.

Oddvar er en opptatt mann med mange jern i ilden,  men gjør av og til opptredener både i offentlige og i private sammenhenger: Bestill denne helt spesielle kunstneren til ditt arrangement her: post@frikkmusikk.no Tlf 92 68 72 12

Share Button