Claus Sellevoll, Olav Stedje kjem til Bergen og Os med kabareten Ivar Medaas – dar kjem dampen i august og september. Kabareten har hausta mange godord. Strilen skriv i ein leiar 6. mars at kabareten sjølv òg har blitt kulturhistorie! Folk fortel at dei ler og gret om kvarandre gjennom heile framsyninga, og mange vil sjå henne fleire gonger.
No har både bymann og stril sjansen til å sjå kabareten seks kveldar mellom 18. og 27. september på Lille Ole Bull i Bergen.
Info om kabareten Ivar Medaas – dar kjem dampen (pdf)
Billettar på Billettservice