Les mer på Claus Sellevolls hovedside

Claus Sellevoll sin Medaas-favoritt: ‘Gje meg jorda til bustad’

Publisert 30. apr 2014

Bergens Tidende har 28.4. intervjua Claus Sellevoll fordi Strilekabareten «Dar kjem dampen» blir sett opp på Den Nationale Scene i helga. Kabareten «Dar kjem dampen» blir veldig godt motteken på bygdene, seier Sellevoll. Nokre stader ser det ut til at heile bygda kjem på kabaret. Handlinga går føre seg på 60-70-talet, ei tid som var svært annleis enn idag. Det var før bruene vart bygde.

– Folk hadde møteplassane sine på kaien, krambua eller mjølkerampa, og såg kvarandre inn i augo, fortel Claus. – I dag snakkar folk saman på Facebook.
Claus kan fortelja at den Medaas-låta han er mest glad i, er «Gje meg jorda til bustad». – Medaas fekk berre ei veke til å lage melodien til teksta av Halvor Sandsdalen. Han var nett heimkomen etter ei veke på rangel i Sverige, og hadde dårleg samvit for kona Kari, fortel han.

Tittelsporet for kabareten, «Dar kjem dampen», har også melodi av Medaas. Teksten sto først på trykk i Bergens Tidende som eit dikt av Ragnvald Hammer. Medaas hadde veldig tannpine då han las det, og Claus Sellevoll meiner at dette kan hende gjorde sitt til at melodien vart så trist.

Claus Sellevoll kjem frå Alversund, nett som Ivar Medaas. Han fortel til BT at han vart kjend med Medaas då han sjølv var med på sin første revy «Garveryen». Medaas var regissør. Han hadde hatt slag, og sat i rullestol. Ivar Medaas kalla seg sjølv for Norges første stand up-artist, men i denne situasjonen kalla han seg sit down-komikar.

Share Button
Nøkkelord: claus sellevoll