Les mer på Ausekaranes hovedside

Ausekarane sommaren 2015:
– Me veit kor du bur!

Publisert 12. mai 2015

Ausekarane er klare for å leggja ut på sin årvisse sommarturné, og mottoet er «Me veit kor du bur!» Det er ikkje meint som noko trugsmål, men det tryggaste kan kanskje vera å stilla på showet deira uansett, når dei legg til kai ein plass nær deg med show-båten Showtime. I alle fall får du meir moro på show enn heime! 25. juni startar turneen, og då skal det ausast kvar dag heile sommaren, langs etter kysten og inn i fjordane på Vestlandet.

Årets singel blir Fin i bikini, som også har fått ein smektande video, der ausekarane har fått nærkontakt med to fine bikinistrilar, berre sjå!

NRK Hordaland intervjua tre av ausekarane, og programleiar Jan Børge Leirvik syntest det var så artigt at han nær fall heilt ut av sendinga for godt.
Sjå innslaget på NRK.no

Share Button