Ausekarane

med Tor Endresen og Bjørn Jensen

Ausekarane

Ideen til dette prosjektet fekk Tor Endresen i 2003 etter eit nesten livslangt forhold til både mennesket Johannes Kleppevik og musikken han. Tor fekk bl.a gjennom denne kontakten eit sterkt og nært forhold til Vestlandsk kystkultur. Han kontakta så Bjørn Jensen – som umiddelbart tente på ideen. Med bandet Ausekarane har duoensett sitt preg på, og omarrangert både kjende og mindre kjende melodiar frå det rikhaldige repertoar etter ‘kystens trubadur’. Dei har gjort med Kleppeviks musikk mykje av det same som Bruce Springsteen gjorde med eit utval av Pete Seegers viser, med prosjektet ”Seeger Sessions”.

Haraball i Naustet

Hausten 2007 ble «Haraball i Naustet» sett opp på Logen i Bergen. Tor Endresen, Bjørn Jensen og gruppa «Ausekarane» gjorde stor suksess med musikk-kabareten basert på Kleppevik sine songar og ramsalte tekster. Sommeren 2008 ble forestillingen tatt med ut i sitt rette element – på sjøen. Fra kai til kai på Vestlandet med ferja «Showboat», under slagordet «Ikkje reis te byd`n, me kjem te deg». Dette ble en gedigen slager med skamros fra både folk og media. Avisa Strilen belønnet sogar forestillingen med terningkast 6 +. I 2012 gikk turneen sin seiersgang med Showboat langs Vestlandskysten! Omtaler: Strilen, Tysnesbladet, Nordhordland Avis, BA før turnestart, BT før turnestar, BA sak om Ausedansen, Haugesund Avis Stord, Firda før turnestart Ausekarane kjører sommerturne hvert år: Medvirkende: Tor Endresen (Song, Gitar), Bjørn Jensen (Song, Bongotrommer, Tørrfisk), Espen Vågstøl (Trommer), Tore Mæhle (Bass, Song), Jan Arne Knutsen (Gitarar), Svein Tore Hindenes (Trekkspel, Song). Regi: Tore Nysæther.

Ausekarane: Spelar for livet, CD 2011

Ny CD blei utgitt i 2011: «Spelar for livet«, som inneheld både eigenkomponert musikk og materiale fra andre. Plata fins i musikkbutikken, eller på strøymetenestene. Det er berre i butikken du får med coveret, og det er det vel verdt å studere litt ekstra. Omtaler av CDen: BT, BA, Haugesund Avis, Glåmdalen Det glade strileliv, kystkulturen og utesiglaren preger Ausekaranes framføringar, anten det gjeld konsertar eller Kabaretframføringar.

Toppen av VG-lista

Første utgjeving vart DVD´en «Haraball i Naustet» i 2008, deretter kom CD´en «Fela liv i Marsteinparken» 2008 , «Spelar for livet» 2011, og «Farande Fant» 2013. Sistnevnte gjekk rett inn på 1.plass på VG´alumliste første veke i salg! Det vart 14 veke på lista med 3 førsteplassar. Noko karane sjølvsagt satt utruleg stor pris på då plata har hovudvekt av sjølvskrivne låtar.

På «Spelar for livet» var det ein låt som skilde seg spesielt ut! Ausedansen har gått som ein farsott på YouTube med nerare 500.000 treff og har festa seg i folks bevissthet langt utover Vestlandet.

2014 vart eit nytt aktivt år for Ausekarane. Året starta med forestillingen «Ausekarane går på land» på Ricks Teater i Bergen med 7500 selde billetta, gode tilbakemeldinga frå publikum og fine kritikkar i pressa , og fortsatte med ei signingsferd i Hordaland og Sogn og Fjordane med sommarturneen «Haraball i Auseland» ombord på ferjo «Showtime».  Bergens Tidende ga 5 på terningen!

I 2015 var det ny ferjeturne med forestillinga «ME VEIT KOR DU BUR!», store konsertar og deltakelse på fleire festivalar.

Med i Ausekarane er:

Espen Vågstøl Trommer 
Espen vant fagjuryens pris i Talentiaden i NRK TV allerede som tenåring og er ein rabbagast til å utfordra låtane som karane kjem med. Yngst i gruppa, men med erfaring som få. I tillegg er han alltid irriterande sprek og blid 🙂 Opprinneleg frå Radøy.

Tore Mæhle Bass/Kor
Bassist med noko attåt. Han har spelt med fleire renommerte artista og band i ei årrekkje her på berget. Ikkje ein stilart han ikkje beherskar og har den (heldig for karane) evnen at han kan syngja flott samtidig. Har eit gehør og ein husk so skulle vært lagt på sprit…te studie altså. Født, oppvokst og bur på Osterøy.

Svein-Tore Hindenes Trekkspill/Keyboards/kor
Gjestespelte på trekkspel med Salhuskvintetten som tiåring og bukka høflig etterpå. Gjekk rett i golvet då spelet var litt tyngre enn han var klar over. Ein av vestlandets travlaste keyboardista og trekkspelarar men prioriterar karane på sumarstida, heldigvis for oss. Kan alle låta i heile verda og er liksom kosebamsen i gjengen. Opprinneleg fra Hindenes på Lindås.

Jan Arne Knutsen Gitar/Mandolin/Banjo
Har spelt med kjente artista og band i all si tid og har den sjelfulle tonen som sitt varemerke. Spelte med sjølvaste Teddy Nelson i si tid og «veit ka da går i» so dei seie. Var med og tok initiativ til Ausekarane frå starten og set sitt preg på alt karane gjer med tyngde, virituositet og trøkk. Ekta Ekerhovding frå Sotra.

Bjørn Jensen Song/Gjøgling/Gitar
Legende med langt hår- stod å lesa i ei overskrift i ei lokalavis om Jensen. Han er vestlandets ubestridte latterkonge og sel billetta på nivå med dei mest kjente i landet på sine forestillinga her vest. Samarbeidet med Endresen i Ausekarane er ein ny dimensjon i hans artistliv der songane og musikken har ein større rolle enn nokon gong. Men, komikken ligg alltid på lur. Opprinneleg frå Salhus.

Tor Endresen Song/Gjøgling/Gitar
Har fire kostyma i skapet. Ein juleturnedress, ein storband-smoking, et Cafe le swing kostyme og ein bunad med strilahatt frå Sparkjøp til Ausebruk. Har vore ein folkekjær artist i Norge i mange år men har ein forkjærlighet for Ausekarane som er hans hjertebarn. Det er noko som kjennes ekstra godt å fortelje med song og musikk det som har omfavna oss av kultur og natur på den plassen vi kjem frå 🙂 Bergensar.


Bestill Ausekarane til ditt arrangement her : ausekarane@frikk.no – Tlf: 92 68 72 12

Share Button