– Auseland er ein stad der du berre kjem inn på fjære sjø, fortel Bjørn Jensen og Tor Endresen til Bergensavisen. Ausekarane erobret denne sommaren, som dei siste. Med ferja Showboat drog dei frå bygd til bygd, med showet «Haraball i Auseland«. Dette landet kan dei ikkje seia akkurat kor du finn, men det er visstnok nett der Ausekarane er til eikvar tid.
Auseland har si eiga grunnlov i ti punkt. Det første og siste punktet er «Du skal ikkje gå på grunn» og «Ikkje ring meg når eg ikkje har tid».
Karane frå Auseland har ikkje hatt tid til å spela inn ny CD i år, men dei har ein ny DVD klar etter vintershowet på Ricks, «Ausekarane går i land». Sommarshowet Haraball i Auseland inneheld så godt som berre nytt stoff, berre nye vitsar og 6-7 nye songar. Og nytt innhald til det som er gammalt.
Ausekarane blir berre meir virile ettersom åra går: Bjørn Jensen skal bli far på nytt i oktober, berre eitt og eit halvt år etter førre ungen. Men no har han gått tom for namneforslag, så det tek han gjerne imot frå kven som helst.
Her er stedene Ausekarane besøkte sommaren 2014:
[table]
25.6 onsd 19:00 | VAKSDAL, STANGHELLE KAI
26.6 tord 19:00 | VIKANES KAI
27.6 fred 19:00 | HJELLESTAD KAI
28.6 lørd 19:00 | KLOKKARVIK KAI
28.6 lørd 21:30 | KLOKKARVIK KAI
29.6 sønd 19:00 | VEDHOLMEN KAI
30.6 mand 19:00 | EIKELANDSOSEN KAI
01.7 tird 19:00 | ROSENDAL KAI
02.7 onsd 19:00 | SUNDE KAI
03.7 tord 19:00 | LEIRVIK KAI
04.7 fred 19:00 | BAKKASUND KAI
10.7 tord 17:00 | TYSNESFEST, Bermudateltet
11.7 fred 17:00 | TYSNESFEST Bermudateltet
31.7 tord 19:00 | KNUTHOLMEN KAI
01.8 fred 19:00 | ASKVOLL KAI
03.8 sønd 19:00 | SELJE KAI
04.8 mand 19:00 | HØYANGER KAI
05.8 tird 19:00 | SOGNDAL, LÆRUM KAI
06.8 onsd 19:00 | ÅRDALSTANGEN KAI
07.8 tord 19:00 | VIK I SOGN KAI
08.8 fred 19:00 | HARDBAKKE KAI
09.8 lørd 19:00 | BRATTHOLMEN KAI
10.8 sønd 19:00 | DREGGEKAIEN, BRYGGEN I BERGEN
[/table]
Bestill Ausekarane for 2015 nå !!