VossaJazz har sendt ut denne pressemeldinga om Finn Erix sitt avbestillingsverk til festivalen 2016 – RAS:
Finn-Erix er sjølvsagt alt for gode for denne jazzfestivalen. Likevel nedverdigar dei seg igjen til å delta, ti år etter at dei for første gong skjenka vossabygda eit besøk og presenterte FLESK – verdens første avbestillingsverk. Med sterk avsmak mot jazzen og alt den fører med seg, vel dei no å vende tilbake med eit nytt avbestillingsverk. Mest av alt fordi dei meinar vossingen har lidd nok. I årevis har han måtte sitja og høyra på statsfinansiert bedrevitarmusikk i ein kald idrettshall. Vossingen treng varme og velour. Og vossingen treng sikker veg. Difor – i tillegg til at det er ganske godt betalt, sjølvsagt – vender Finn-Erix tilbake med avbestillingsverket RAS.
Til avbestillingskonserten har dei invitert med seg fleire gjester. Om ikkje dei også er avbestilt.