Kine Hellebust

Følgende skriver Kine Hellebust om seg selv på sin hjemmeside:

Forfattar

Det første høvet eg fekk til å prøve meg som forfattar var då eg i 1981 blei kontakta av Karin Moe frå Det norske Samlaget. Ho ville eg skulle bidra med maksimum 6 sider i ein antologi ho skulle redigere. Tittelen var KVINNE OG KUNSTNAR. Og i boka skulle 33 kvinnelege kunstnarar presentere seg gjenom arbeid, utfordringar, tankar om dette og hint. Dette for å prøve å få til at unge jenter ikkje skulle gje opp det dei hadde lyst til å gjere i framtida. ”Kanskje noko i denne boka kan inspirere unge jenter til å legge vekk mascarakosten og ta til å måle i staden for, Sa ho Karin Moe. Med mitt bidrag ville eg gje ungdomen ei oppmuntring til å bruke tida si aktivt til å arbeide for å nå måla sine. Overskrifta på bidraget mitt blei: Mist ikkje vona før livet er ute, og handla om desillusjonen eg fekk etter at eg ikkje greidde å kome inn på teaterskolen etter å ha søkt fire gongar. Eg illustrerte bidraget mitt med tanke på målgruppa eg hadde fått oppgitt. Seinare blei konseptet endra og boka kom ut som eit bidrag til avantgardistiske vaksne kvinner i staden.

Kulturarbeidar

Det tok til i 1963 med medlemskap i Harstad Amatørteater. Då Festspillene i Nord Norge var veletablert, har eg hatt diverse oppdrag for dei, så som notebladvendar for Robert Levin, presentasjon av Mary Pettersen (Melbu) sine viser i Harstad Visegruppe sin regi, Garderobearbeidar under ymse festframsyningar, plakatopphengar, billettselgar og diverse underhaldning for tilreisande utanlandske gjestar. I den første Oslobolken min var eg medlem av Håløyglaget si visegruppe som mellom anna hadde konsert på Bredtvet kvinnefengsel og på ymse jubileum for Bygdelagsamskipnaden. Vidare var eg med i teatergruppa og spela mellom anna Margaret i «Han som sa nei» av Axel Kielland (Regi: Marit Øvre Wiik.) Så kom eg med i leikarringen (Håløygringen) og deltok på diverse kappleikar. (Nr. 2 Nordlandspols i BULkappleiken i 1977. I tillegg deltok eg i om lag 50 offentlege framsyningar, alt frå å danse for turistar på Bygdøy Folkemuseum til å danse på Oslo legevakt 17. mai 1978 – (berre for å vise breidden i oppdraga vi fekk.)

Frå 1978 til 1996 har eg hatt to hovudsyssel: Teaterarbeidar og songartist. Men ettersom tida har gått og eg har fått fleire utfordringar, har eg gått over frå å kalle meg artist til å kalle meg kulturarbeidar. Men i den siste tida er eg komen til at namnet KULTURELL POTET, det vil seie: ein som kan brukast til ymse oppdrag, eller rettare ein som seier JA til alt, er enno meir dekkande.

Teaterarbeidar

Etter året ved dramalina ved Sund Folkehøgskole (1975) bestemte eg meg for å prøve å bli skodespelar. Eg las med dramalæraren min, Ragnhild Vannebo, søkte på Statens Teaterskole, som det heitte den gong, men eg kom ikkje vidare til andre og siste opptaksprøve.

Året etter var eg flytta til Oslo og arbeidde eg på Nasjonalgalleriet. Eg skulle lese med Helge Jordal. Men vi kom aldri skikkeleg i gong då han var sjuk og eg vakta på nasjonalskattane våre, målarkunsten, stilartane og kunsthistoria. Dette opptok meg meir og meir og det enda med at eg skreiv til Statens Kunstindustriskole etter søknadskjema. Men då innleveringsdatoen nærma seg bestemte eg meg likevel for å prøve teaterskolen ein gong til. – Med nedslåande resultat.

Sigmund Sæverud på Hålogaland Teater i Tromsø, ga meg råd om likevel å prøve teaterskolen ein tredje gong. Eg kunne eg få lese med skodespelarane på HT. Eg slutta på Nasjonalgalleriet, reiste til Tromsø og blei ein slags elev ved teatret. Las med Per Jansen og Pål Løkkeberg, men heller ikkje for tredje gong slapp eg gjennom nålauget. Då fekk eg tilbod om jobb på HT. Dei skulle sette opp Den Kaukasiske Krittringen av Brecht og ei oppsøkande framsyning med stoff av Prøysen. Eg tok imot tilbodet og neste sommar etter om lag 60 profesjonelle framsyningar prøvde eg teaterskolen for fjerde gong.

Denne prosessen kan du lese meir om i bidraget mitt til boka «KVINNE OG KUNSTNAR» under lenka: FORFATTAREN.

Det som skjedde vidare i skodespelarkarrieren min innanfor teater, finn du nedanfor:

TILSETT VED HÅLOGALAND TEATER I TROMSØ tot. 4,5 ÅR
MEDEIGAR I TRAMTEATRET I OSLO
Skodespelar i TRAMTEATRET i 6,5, ÅR.
TILSETT VED ABC TEATRET I OSLO 1/2 ÅR
MEDEIGAR I a/s DAMETEATER & søn I OSLO I 1O år. FREELANCE-ARTIST sidan 1.1. 1987.
ETABLERER FIRMAET KULTURA 1999.

Plateartisten

Det var ein gong to jenter som skulka skolen for å reise til Vesterålen og synge på skolane dei fann. Det var ein iskald februardag, men dei var ganske heldige med skyss likevel. Det blei middagstid då dei nesten var kommen til Sigerfjorden, og i middagstida er det ingen bilar i Sigerfjorden.

Då tjuvlånte dei to ein sparkstøtting og sparka til neste gardsveg kor det sto ein ny spark. Dei sette frå seg den første sparken, og tjuvlånte den neste som sto i oppkøyringa dei akkurat var kommen til. Sånn tjuvlånte dei seg nesten fram til Strand. (Dette gjorde dei for at dei som eigde sparkane ikkje skulle måtte gå så langt for å finne sparkane sine att.

Sånn tok det til fordi den nordnorske visebølgen herja langt og lenger enn langt utover landsdelen tidleg på 70-talet. Harstad Viseklubb eksisterte og to av dei mest aktive medlemma var ho Solveig Iversen og eg. Vi debuterte i det første TV-programmet som NRK Troms sende frå frå Lyngskroa på Oteren i 1973.

Film og video

Anten ser du på TV eller så gjer du det ikkje. Året er 1980 og NRK er enno den einaste TV-kanalen vi har her i landet. Tramteatret har premiere på den andre sjølvproduserte serien i NRK: SERUM SERUM i januar. Det blir ein enorm suksess. Etter dette blir fleire filmskaparar og produsentar oppmerksam på det vi held på med. Skodespelarane våre får fleire jobbar innan film og videoproduksjonar.

Sidan eg alltid har vore interessert i «levande bilete», har eg stort sett takka JA til dei tilboda eg har fått frå denne bransjen. Så då seinskadane etter ei bilulykka i 1989, sette stoppar for vidare skodespelararbeid, søker eg om eit to år langt attføringsopplegg innan bileteproduksjon. Eg får eitt års opplæring på Nordisk Film A/S under Stein Roger Bull, og eitt års opplæring i NRK Troms.

Les mer om KINE HELLEBUST her :

http://no.wikipedia.org/wiki/Kine_Hellebust

Hør hennes flotte låt her og lytt til teksten :http://www.youtube.com/watch?v=32f-1insA6Y

BOOKING / KONTAKT KINE HELLEBUST : kine@frikk.no Tlf 92 68 72 12

Share Button
Nøkkelord: kine hellebust