Les mer på Finn Tokvams hovedside

Finn Tokvam med sofa-drøs på Humorfest i Bergen

Publisert 5. mar 2014

Humoristen og satirikaren Finn Tokvam prøver ut eit nytt konsept under Humorfest i Bergen. Laurdag 20. april inviterer han eit knippe kjende humoristar til ein kveld med ‘noko ymse’ på Ole Bull Scene. Der har han ein stor sofa, der gjestene skal få drøse saman med Finn imellom humorinnslaga. Gjestene er Linn Skåber, Cecilie Steinmann Næss (Cess), Ørjan Liavåg med «Korguttene» og Christoffer Schelderup.

I Bergensavisen poengterer Finn at han «ikkje er direkte stygg», men at han skal utfordre gjestene. – Eg tek det for gitt at dei kan nynorsk. Ørjan Liavåg er noko av det mest morosame eg veit om. Då blir spørsmålet: Kvifor er han det? undrar Tokvam i Bergensavisen. Men BA trur tydelegvis ikkje at bergensarane skjønar nynorsk. Det er truleg årsaka til at BA har omsett Tokvam til bokmål denne gongen. (Her har vi omsett sitatet attende til nynorsk. Rett skal vere rett!)
Les meir (på bokmål) i Bergensavisen.

 

Kontakt Finn Tokvam for eit oppdrag: Tlf. 56 33 09 90 eller post@frikk.no