Medaas-prisen 2014 til Vinskvetten

Publisert 14. mai 2014

Vinskvetten har blitt tildelt Medaas-prisen for 2014! – Det som er så gøy med Medaasen er at det er han som har vore forbildet vårt, med humoren sin og med måten han song på plata, fortel frontfigur i Vinskvetten Bjørn Jensen til avisa Nordhordland. Jensen fortel at det var Ivar Medaas som inspirerte dei til å halda på målet og bruke dialekten i musikken. Det var ikkje vanleg på den tida. Medaasprisen vert årleg tildelt ein utøvande kunstnar som i Ivar Medaas si ånd tek utgangspunkt i lokale musikalske tradisjonar og som brukar eigen dialekt. Prisen blir delt ut under Medaaspriskonserten i september. Les meir i http://www.nordhordland.no/puls/article7229815.ece Kontakt Vinsketten direkte her : vinskvetten@frikk.no Medaasprisen for 2013 gjekk til Claus Sellevoll.

Share Button