Les mer på Finn Tokvams hovedside

29. november: Finn Tokvam konferansier på Øygardenskonferansen

Publisert 26. aug 2022

Finn Tokvam foto: Finn Tokvam. Lisens: CC by-sa 4-0Det Finn Tokvam gler seg mest til på Øygardenkonferansen er Strilepuben etterpå. Han skal vera konferansier på konferansen, men på Strilepuben vartar han opp med kviss (også kjent som quiz).

Konferansen omtalar seg sjølv som smørauget av norsk industri, og temaet er grøn utvikling.

– Eg gler meg! Eg veit at det er mykje gode folk der ute. Når dette ryktet også sig inn i høgrøysta Bergensarar, seier det litt. Eg har som mål å få bekrefta dette, slik at strilane sjølv kan sjå kor gode dei er, seier Finn Tokvam til Vest Næringsråd.

Intervjuaren spør Finn om kva han tenkjer når han høyrer ordet ‘stril’. – Vel, dei er jo på mange måtar menneske dei òg, svarer sogningen Finn Tokvam.

Les meir på Vest Næringsråd

Ønskjer du Finn Tokvam til arrangementet ditt?

Send ein epost til finn@frikk.no

Eller ring 926 87 212

Nøkkelord: Finn Tokvam