Sellevoll og Tokvam

Underhaldning og vertskap for ditt arrangement!

På morosamt og elegant vis leier dei arrangement som:

  • Julebord
  • Jubileum
  • Konferansar
  • Seminar

Dei spesialsyr gjerne for ditt behov;

  • Stand-up
  • Parodiar
  • Figurar
  • Tekstar og historier

Claus Sellevoll kjem frå Alversund, bur i Bergen og livnærer seg som artist og skodespelar. Han har markert seg i ei årrekkje i ulike samanhenger, aleine eller saman med andre. Dei siste åra har han vore knytt til Hordaland Teater og Sogn og Fjordane Teater («Cato og Claus», «Bikubesong», «Singel og sand», «Vestlandsrevyen» , «Tyl», «Vestlandsrevyen II». I 2014 har Claus og Olav Stedje gjort stor suksess med kabareten «Ivar Medaas – Dar kjem dampen». Claus Sellevoll har ein eigen evne til å karakterisera folk med uttrykk og fakter, og ofte med eit halvt absurd innhald på grensa til det makabre. Han er kjent for sine mange figurar og treffande imitasjonar. Jon Eikemo, Ivar Medaas, Mons Ivar Mjelde, Espen Esther Pirelli, for å nemna nokre.

Finn Tokvam kjem frå Flåm, busett i Bergen. Arbeider som humorist og journalist i NRK med programma P.I.L.S og Radio Røynda. Han er vokalist i populærorkesteret Finn-Erix, kåsør og spaltist i Bergens Tidende. I 2005 gav han ut romanen ”Tyl” saman med Halvor Folgerø. Han starta samarbeidet med Claus i “Vestlandsrevyen”.

Bli med når Vestlandets fremste humoristar hyller vår landsdels særeigne humor og dialektar!

Bestill Sellevoll og Tokvam til arrangementet ditt!
Epost finn@frikk.no eller claus@frikk.no.
Tlf. 56 33 09 90

 

Ei spesielt god attest fekk dei to herrane frå Espen Børhaug, OBOS, i 2017:

OBOS feiret sitt gode årsresultat i et internt bedriftsarrangement for ca 50 ansatte i Bergen den 6. april 2017. Som underholdningsinnslag var Claus Sellevoll og Finn Tokvam leid inn. De overgikk forventningene man kan ha.
Duoen var svært godt forberedt, med en lang rekke bedriftsinterne, morsomme poenger. Artistene står godt til hverandre, og programmet ble gjennomført hurtig og sømløst. Sellevoll og Tokvam lot seg ikke affisere av at sceneforholdene ikke var optimale, og lydtekniker, Trond Einar Sørensen bidro med en diskret og profesjonell jobb.
Espen Børhaug,
Kommunikasjonsjef i OBOS

Share Button

Nytt og diverse om Sellevoll Og Tokvam

Sellevoll og Tokvam til Stordalen Fjellfestival